Sønnavind
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sønnavind er ein vind som kjem frå sør og blæs i ein nordleg retning.[1]

Nokre namn på særskilde sønnavindar er fønvind (i Alpane), ghibli (Libya med ulike stavingar), friagem (ein kald vind som blæs inn i Brasil frå Antarktis), khamsin (ein varm vårvind i Egypt, med ulike stavingar), kona (ein varm vårvind på Hawaii), notus/lodos (Tyrkia) ostro og sjirokko (i middelhavsland).
Remove ads
Mytologi
I gresk mytologi var Notus guden for sønnavind og stod for stormar på seinsommaren og hausten.[2]
I romersk mytologi var sønnavinden representert av Auster.
I egyptisk mytologi var Shehbui guden for sønnavinden.[3] Han blei skildra som ein mann med hovudet til ei løve.
I nordamerikansk irokesar-tradisjon blir sønnavinden ført av dådyrungen, og har eit varmt og mildt temperament som minner om dei søte blomane, klukkande bekkane og lætet til fuglar om sommaren.[4]
I baskisk mytologi var Egos ein mindre guddom knytt til sønnavinden.[5]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
