Søppelfylling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Søppelfylling
Remove ads

Eit deponi, tidlegare kalla søppelfylling/bòsfylling, er ein open plass der avfall blir deponert. Deponering var lenge den vanlegaste måten å kvitte seg med avfall på. I dag er det eit uttalt mål at ein vil leggje minst mogleg avfall på deponi. Omgrepet brukast om alle typar meir eller mindre mellombelse lager av noko ein ønskjer å bli kvitt, slik som snødeponi og slamdeponi,. Tanken om deponi handlar meir om kartlegging og sortering av avfall. Dermed er det større høve til å redusere kostnadene og å arbeide for ei meir berekraftig verd.[1]

Thumb
Deponi i Santana do Paraíso i Brasi
Remove ads

Europeiske deponiforbod

Miljøkrav frå EU krev at avfall skal sorterast og gjenvinnast [treng referanse], men ifølgje ein rapport frå Eurostat frå 2013 hamnar det meste av hushaldsavfall i EU enno på deponi. 37 % av avfallet europearane produserer blir deponert, medan 25 % blir attvunne, 15 % blir kompostert og 23 % blir brent.[2] I mange U-land er deponi framleis vanlege, då desse landa ikkje tek seg råd til moderne avfallsattvinning.[treng kjelde]

Remove ads

Norske deponiforbod

Sidan 2004 har det vore forbode å deponere til dømes matavfall i Noreg.[3]

Sidan 1. juli 2009 har det vore forbode å deponere biologisk nedbrytbart avfall i Noreg.[4][5]

Deponiforboda tyder at blant anna papir, trevirke og tekstil må finne andre handsamingsalternativ enn deponering. Føremålet med forboda er å minka utslipp av klimagassar, minka utslipp av miljøgifter og å auke produksjon av avfallsbasert energi. Det er òg eit mål at forbodet skal føre til aukamaterialattvinning.

Remove ads

Sjå òg

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads