Sørburøy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

63°58′36.714″N 9°3′49.396″E Sørburøy er ei øy som ligg i Froan i Frøya kommune i Trøndelag. Sørburøy er nesten delt i to, og den nordre delen av øya heiter «Nordøya». Dei fleste av dei omkring 20 fastbuande bur på Nordøya, som òg husar butikk, hurtigbåtkai og fiskerikai.

Sørburøy ligg i det største samanhengande havområdet som er freda som naturreservat i Noreg; Froan naturreservat og landskapsvernområde. Det er avgrensa fri ferdsel på land i enkelte tider av året.

Sørburøy har barne- og ungdomsskule med 3 elevar (2023). Sørburøy skulekorps vart stifta i 2006, og vart i 2011 med i NMF. Det vert drive oppdrettsverksemd i området. Det er stor tilflytting til øya i sommarhalvåret.

Det er båtsamband til Dyrøya på Frøya eit par gonger i veka, noko oftare i somarhalvåret.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads