S'il vous plaît
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«S'il vous plaît» er ein norsk song skriven av Sven Lange (melodi) og Per Lillo-Stenberg (tekst).[1] Han var eit av bidraga til Melodi Grand Prix 1961, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1961 i Cannes i Frankrike, og vart framført av Svein Nilsen og Per Asplin.
Remove ads
Eurovision
Melodi Grand Prix 1961
«S'il vous plaît» deltok i Melodi Grand Prix 1961, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1961 i Cannes i Frankrike. Songen vart framført på norsk av Svein Nilsen med eit lite orkester, og så på nytt av Per Asplin med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 59 poeng.[2][3] Dette er det fyrste bidraget som vart framført på fransk i Melodi Grand Prix.
Innspelingar
- Per Asplin med Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh. Arr.: Egil Monn-Iversen. Gjeven ut på singelen Triola TN 236 og på EP-plata Triola TNEP 1063 i 1961.
- deLillos. Gjeven ut på singelen Sonet T-9620 i 1987. Tekstforfattaren Per Lillo-Stenberg var faren til Lars Lillo-Stenberg i gruppa.
Listeplassering
Versjonen til deLillos låg på VG-lista i ei veke i 1987 med ein tiandeplass som beste plassering.[4]
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads