Sadad i Syria
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sadad (arabisk صدد, Șadad) er ein by i Syria, 60 km sør for Homs, and 101 km nordaust for Damaskus.
Remove ads
Historie
Sadad er ein særs gammal landsby og er truleg den same som er nemnt i Gamletestamentet (Fjerde mosebok, 34,8; Esekiels bok, 47,15) som Sedad, den nordaustlege grensa til det bibelske Kanaan, landet som var lovd til isralittane.
Det arabiske og osmanske styret
Byen var isolert ved utkanten av ørkenen og vart verande hovudsakleg syrisk-ortodoks, sjølv etter den muslimske erobringa av Syria på 600-talet. Arameisk vert framleis talt der.[1] Sadad har vore eit viktig bispedøme i tidlegare tider. Det var eit nært band mellom Sadad og klosteret St. Moses abyssinaren; i følgje Istifan al-Duwayhi kom somme av munkane ved klosteret frå Sadad.[2]
I ein rapport frå 1881, skildra ein fransk militærattaché utryggleiken i Sadad, der innbyggjarane stadig vart angripne av beduinar. Trass i skattane dei betalte til stammene som hadde leirar i området, stod dei alltid i fare for å bli herja. Innbyggjarane hadde derfor laga soltørka barrikadar kring landsbyen og dei kringliggande hagane, som hindra folk til hest å kome inn utan å gå av hesten, noko ein beduin sjeldan gjorde i fiendtleg territorium.[3]
Den syriske borgarkrigen
Den 21. oktober 2013 vart byen visstnok innteken av islamistiske militante frå al-Nusra Front, som sette opp høgtalarar på hovudplassen og bad innbyggjarane om å dra heim. Minst ni menneske vart drepne, då den syriske hæren sende inn styrkar den 22. oktober for å ta attende byen. Dei lokale var usikre på årsaka bak åtaket, men medisinane på sjukehuset i byen kan ha vore ei årsak, i tillegg til eit militært depot i nærleiken.[4]
Den 28. oktober hadde Den syriske arabiske armeen teke attende kontrollen over Sadad. Vitjande kyrkjeleiarar og landsbybuarar som vende heim att fann to massgraver med assyrisk sivile, inkludert kvinner og barn, med i alt 30 lik. Det var mistenkt at dei var massakrerte av islamistiske opprørarar.[5] 45 kristne vart drepne under okkupasjonen til opprørarane og fleire kyrkjer vart plyndra.[6][7]
Remove ads
Demografi
Landsbyen er i dag busett av kring 3 000 innbyggjarar, hovudsakleg kristne.
Hovudattraksjonar
Landsbyen er kjend for dei mange kyrkjene sine, særleg kyrkja Mar Sarkis og St. Theodor-kyrkja, som begge har utførlege freskar, noko som er uvanleg på veggane i syriske kyrkjer.[2]
Kjende folk
- Barsum Hilal of Sadad, prest og kalligraf på 1500-talet.[8]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads