Salamína

From Wikipedia, the free encyclopedia

Salamínamap
Remove ads

Salamína (gresk Σαλαμίνα, i antikken Σαλαμίς, Salamís) er den største av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, om lag 2 km utanfor Pireus. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]

Kjappe fakta Salamína Lokalt namn Σαλαμίνα, Geografi ...

Paloúkia er den største hamna, den nest største i Hellas etter Pireus. Namnet «Salamis» kjem sannsynlegvis frå Salam (chalam), som tyder 'fred' eller 'ro' og som vart nemnd av Homer. Ho kan òg ha vore kalla opp etter mor til Kykreos. Kykreos var den første kongen på øya.

Remove ads

Historie

Thumb
Kart over Slaget ved Salamína.

Salamína er kjend for slaget ved Salamis, og skal i følgje gresk mytologi vere fødestaden til Ajax og Euripides, som visstnok vart fødd same dag som slaget ved Salamis. I moderne tider har ho vore hovudkvarter for den greske marinen. Hamna vart bomba av tyske Luftwaffe i 1941, som sokk dei greske slagskipa «Kilkis» og «Lemnos».

Folketalet auka etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen, men forstadshus kom først seinare i 1970-åra. Byområdet voks på 1980- og 1990-talet til dei sentrale og vestlege delane av øya, medan det vart bygd luksusbustader i nord, i vest og i sør.

Remove ads

Administrativ inndeling

Thumb
Den tidlegare kommunen Salamína, no kommunaleininga Salamína

Heile øya er i dag ein kommune etter at ein i 2011 slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 37 220 innbyggjarar, medan kommunaleininga Salamína hadde 30 235 og tettstaden med same namn 24 537 innbyggjarar.[1]

Remove ads

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Meir informasjon Tettstad, Kommunaleining ...

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Peristéria (191)
  • Kanákia (180)
  • Pérani (177)
  • Batsí (172)
  • Kolónes (142)
  • Dimítrani (87)
  • Maroúdi (71)
  • Kynosoúra (58)
  • Ellinikó (28)
  • Moní Kimíseos Theotókou Faneroménis (21)
  • Spithári (21)




Småøyar i kommunen:

  • Ájos Jeórjios (0)
  • Arpidóni (0)
  • Léros (0)
  • Makrónisos (0)
  • Megáli Kýra (0)
  • Mikrí Kýra (0)
  • Revythoúsa (0)
  • Gaidoúri (0)
  • Kanákia (0)
  • Péra (0)
  • Peristéria (0)
  • Trínisa (0)
  • Atalándi (0)

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads