Sale i Stor-Manchester
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sale er ein by i distriktet Trafford i Stor-Manchester i England. Tidlegare var byen ein del av Cheshire. Han ligg på ei flate på sørsida av elva Mersey, 3 km sør for Stretford, 4 km nordaust for Altrincham og 8 km sørvest for Manchester. Byen har kring 55 000 innbyggjarar.
Det er gjort funn frå steinalderen, romarane og anglosaksarane i området. Gjennom mellomalderen var Sale ein landsby knytt til Ashton upon Mersey. I denne perioden vart dei frodige engene nytta til avlingar og kvegdrift. På 1600-talet utvikla Sale ein blømande husflidindustri og produserte mellom anna hestesalar.
Bridgewater Canal nådde byen i 1765 og betra vekstvilkåra til Sale. Jernbanen nådde byen i 1849 og han vart ein pendlarby for Manchester og områda kring. Mot slutten av 1800-talet hadde folketalet meir enn tredobla seg.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sale, Greater Manchester» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads