Saltak

From Wikipedia, the free encyclopedia

Saltak
Remove ads

Saltak er den typen yttertak på bygningar som er mest nytta her i landet, og har tradisjonar så langt attende som det er mogleg å kartleggja.

Thumb
Hus med saltak.
Thumb
Våningshus med saltak (Fana i Bergen).

Saltak er kjenneteikna av å ha to skilde flater som har fall til kvar si side av bygningen. Staden der flatene møtast øvst oppe, vert kalla mønet. Då eit saltak kan vere bygd usymetrisk, treng ikkje båe takflatene å vere like store, og mønet vil i slike høve ikkje liggje langs den horisontale midtaksen på huset.

Den eine eller båe takflatene kan vere brotne av utbygg av ymse slag, jamvel på den måten at to saltak møtast vinkelrett på kvarandre.

Dei trekanta veggstykka i kvar ende av bygningen som takflatene avgrensar, vert kalla gavlar.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads