Saltatorar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Saltatorar er ei biologisk slekt av sporvefuglar som tilhøyrer tanagarfamilien Thraupidae. Det vitskaplege namnet på slekta er Saltator. Gruppa samlar artar i neotropisk Amerika, med distribusjon frå Nord-Mexico, gjennom Mellom-Amerika, Dei små Antillane og Sør-Amerika til det sentrale Argentina. Medlemmene utgjer ei morfologisk mangfaldig gruppe. Relasjonar til andre slekter er rekna som ikkje ferdig utforska, slekta Saltator var tradisjonelt med i kardinalfamilien, men etter EBird/Clements Checklist[1] er ho overført til tanagarar.
Remove ads
Skildring
Dette er store medlemmer i tanagarfamilien, typisk rundt ca. 21 centimeter. Nokre morfologiske trekk er felles for mange av dei 14 artane, først og fremst nebbforma. Alle saltatorar har ganske store og kraftige, konisk forma nebb. Halen er relativt lang for alle artar. Dei er òg relativt like i storleik, varierande frå ca. 18,5 centimeter for orinocosaltator, opp til 24 cm for storsaltator.
Fjørdrakta har i regelen ustreka overside og underside, oversida jamt grønleg eller grå, undersida i regelen lysare. Unntaka er krattsaltator og antillsaltator, som begge har lange grøne striper på undersida. Mange artar har distinkte teikningar på og rundt hovudet, ofte kvit strupe og øvre bryst. Ei kvit eller lys augebrynstripe i varierande form er karakteristisk, men stripa manglar for fire artar, desse er: hettesaltator, sotsaltator, skifersaltator og bambussaltator. Sotsaltator har størt avvik i fjørdrakt ettersom han syner seg som stort sett svart med oransje nebb.
Krav til habitat er i varierande grad skog, gjerne lågtliggande opptil ca. 2000 moh. Oransjenebbsaltator er den einaste saltatoren som går godt over 3000 moh. i Andes. Føda er varierande frå art til art, men alle et vegetabilsk føde med påfyll av insekt. Fleire artar er skildra med blad på dietten, til dømes er tjukknebbsaltator i sørlegaste Brasil ein bladetar, som òg tar frukt i sesongane. I låglandet i Argentina et krattsaltatorar maur og biller.
Alle artane er trudd å vere stort sett standfuglar.
IUCN har kategorisert bambussaltator som nær truga, elles er artane livskraftige.
Remove ads
Artslista
Saltator i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Brunstrupesaltator, Saltator maximus, Buff-throated Saltator, Müller, 1776, (LC)
- Svartvengsaltator, Saltator atripennis, Black-winged Saltator, Sclater, 1856, (LC)
- Storsaltator, Saltator atriceps, Black-headed Saltator, Lesson, 1832, (LC)
- Orinocosaltator, Saltator orenocensis, Orinocan Saltator, Lafresnaye, 1846, (LC)
- Gråsaltator, Saltator coerulescens, Grayish Saltator, Vieillot, 1817, (LC)
- Krattsaltator, Saltator striatipectus, Streaked Saltator, Lafresnaye, 1847, (LC)
- Antillsaltator, Saltator albicollis, Lesser Antillean Saltator, Vieillot, 1817, (LC)
- Grønvengsaltator, Saltator similis, Green-winged Saltator, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)
- Hettesaltator, Saltator nigriceps, Black-cowled Saltator, Chapman, 1914, (LC)
- Tjukknebbsaltator, Saltator maxillosus, Thick-billed Saltator, Cabanis, 1851, (LC)
- Oransjenebbsaltator, Saltator aurantiirostris, Golden-billed Saltator, Vieillot, 1817, (LC)
- Bambussaltator, Saltator cinctus, Masked Saltator, Zimmer, 1943, (NT)
- Skifersaltator, Saltator grossus, Slate-colored Grosbeak, Linné, 1766, (LC)
- Sotsaltator, Saltator fuliginosus, Black-throated Grosbeak, Daudin, 1800, (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads