Samfjorden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Samfjordenmap
Remove ads

62°35′24″N 6°27′29″E

Thumb
Samfjorden sett frå fly. Brattvåg på høgre side.
Foto: per

Samfjorden er ein fjordarm av Harøyfjorden i Haram kommune ved kommunesenteret BrattvågSunnmøre. Han strekkjer seg 7,5 km sørover til Botnen.

Fjorden har innløp i nord mellom Arhaugenset (Synnaland) i vest og Mannaberghaugan (Hellandshavn) i aust. Brattvåg ligg på vestsida like innanfor innløpet og frå her går det ferje nordover til Dryna, Skuløya og Fjørtoft.

Fjorden er mellom 300 m og 1 km brei. I enden ligg Håvik og Straumen, over straumen kryssar riksveg 659 fjorden og går nordover til Brattvåg langs vestsida. Sør for Straumen ligg Skulstadhavet. På det djupaste er fjorden over 70 m.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads