Samosa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Samosa er ein indisk matrett som består av trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøtfyll, særleg med potet, lauk og erter.


Samosa er vanlegvis sterkt krydra mat, og ein et gjerne samosaene med chutney eller ketsjup. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordover til Usbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø. Samosa blir i dag mykje nytta som snøggmat eller eit lite mellommåltid.
Rettar frå andre mattradisjonar som samosa kan minna om er tyrkisk børek, sefardisk boreka og askenasisk knish.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads