Sand i Ryfylke

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sand i Ryfylke
Remove ads

Sand er ein tettstad og kommunesenter i Suldal kommune i Rogaland fylke.

Sjå òg sand (fleirtyding).
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Tettstaden Sand

Tettstaden er kommunesenteret i Suldal kommune og har 1 218 innbyggjarar per 1. januar 2024. Det går ferje frå Sand over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46. Staden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. Her er mellom anna kulturhus, hotell og hovudsetet til Ryfylkemuseet. Her ligg òg Sand kyrkje frå 1852.

Sand sokn

Soknet omfattar bygdene rundt indre Sandsfjorden, ytre Saudafjorden og store delar av Hylsfjorden. Det har 1 506 innbyggjarar og høyrer til Ryfylke prosti. Sand sokn høyrer til Ryfylke prosti.

Sand kommune

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sand sokn ein del av Jelsa kommune. Sand vart frådelt som eigen kommune i 1858, og den gjenverande kommunen hadde då 1 600 innbyggjarar. I 1965 vart Sand kommune med 1 135 innbyggjarar nedlagd og vart ein del av Suldal kommune.

Thumb
Sand kyrkje

Bakgrunnsstoff

Loading content...

Sjå òg

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads