Sandeid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sandeid er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.
Remove ads
Sandeid tettstad
Sandeid, eller Sandeidsjøen, ligg inst i Sandeidsfjorden. Fylkesveg 46 går gjennom Sandeid, og Riksveg 514 går nordover til Ølensjøen. Det er barneskule og barnehage i bygda, og den største verksemda er slakteriet til Gilde.
Sandeid sokn

Soknet femnar om bygdene vid indre Sandeidsfjorden og har 1 081 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.
Sandeid kommune
Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sandeid ein del av Vikedal kommune, men vart i 1923 frådelt som ein eigen kommune, då med 558 innbyggjarar. I 1965 vart Sandeid kommune med 876 innbyggjarar nedlagd og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune.
Kjelder
- Nettsidene til Vindafjord kommune[daud lenkje]
- Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- SSB
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads