Sander Boschker

nederlandsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sander Boschker
Remove ads

Sander Bernard Jozef Boschker (fødd 20. oktober 1970 i Lichtenvoorde i Gelderland) er ein nederlandsk fotballspelar som har spela som keeper for Twente i nederlandsk Eredivisie. Han har òg éin landskamp for Nederland.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...

Boschker debuterte som proff-fotballspelar i 1989/90-sesongen for Twente. Han vart snart klubben sin førstekeeper, og spelte over 400 offisielle kampar for klubben. 33 år gammal gjekk han over til Ajax i 2003, men vart der reservekeeper for Maarten Stekelenburg. Etter éin sesong, der Ajax vart seriemeistrar, men Boschker ikkje fekk nokon seriekampar, vende han attende til Twente. I 2009/10-sesongen spelte han alle dei 34 seriekampane då Twente vart seriemeistrar i Nederland for første gong nokonsinne.

Etter å ha vorte seriemeister med Twente, vart Boschker teken ut i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2010, som tredjekeeper. Han debuterte for landslaget 1. juni 2010 i ein privatlandskamp mot Ghana, der han kom inn som innbytar i pausen og spelte andre omgang. Han vart dermed den eldste spelaren som har landslagsdebutert for Nederland. Han fekk ikkje spela nokon kampar under VM.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads