Sander Skotheim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sander Aae Skotheim (fødd 31. mai 2002) er ein norsk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp og enkeltgreinene høgdehopp, lengdehopp og 110 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i tikampen under EM i friidrett 2024 i Roma.
Remove ads
Aktiv
Han har vunne tre NM-gull i høgdehopp: 2019, 2020, 2022 og eitt i 110 m hekk: 2022. Under noregsmeisterskapen 2022 sprang han også ein etappe for IK Tjalve sitt vinnarlag i 1000 meter stafett. Skotheim la beslag på sjuandeplassen i tikamp under EM i friidrett 2022, året etter han vart andremann i tikampen ved U20-EM. Han presterte personbeste i tikamp ved eit stemne i Grosseto 30. april og 1. mai 2022, sanka 8 298 poeng og sette personleg rekord i lengdehopp med 7,74 meter. Skotheim sette personleg rekord med 2,17 m under tikamp-tevlinga i VM i friidrett 2022. Bestetida 14,43 sekund i 110 m hekk er frå 2020.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sander Aae Skotheim» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2022.
Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads