Sandra Márjá West
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sandra Márjá West (fødd 11. oktober 1990) er ein norsk samisk politikar. Ho vart i 2013 vald inn som sametingrepresentant for Norske Samers Riksforbund (NSR) i Gáisi valkrins, og attvald i 2017 og 2021. West var festivalsjef for Riddu Riđđu frå 2018 til 2022.[1]
Ho har tidlegare m.a. vore prosjektleiar for Indigenous Youth Gathering (IYG) ved urfolkfestivalen Riddu Riđđu, og var i perioden 2012–2013 òg ein av tre samiske vegvisarar ved Samisk høgskule. Av fagleg bakgrunn har ho ein bachelor i russlandsstudium frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Ho har studert ved folkehøgskolen Samernas Utbildningscentrum i Jokkmokk i Sverige.
Sandra Márjá West er dotter av den samiske språkforskaren Lene Antonsen.
Remove ads
Verv
- 2013–? Varamedlem i Riddu Riđđu Festival
- 2009–? Varamedlem i Riddu Riđđu Searvi
- 2013–dd Sametingrepresentant
- 2017–? medlem i Samisk parlamentarisk råd
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads