Landforma erg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Ein erg (òg sandhav, dynehav eller sandslette om det ikkje er sanddyner) er eit vidt, flatt ørkenområde med vindfaren sand med lite eller ingen vegetasjon.[1] Uttrykket kjem frå det arabiske ordet ʿarq (عرق), som tyder «dyneslette».[2] Strengt tatt er ein erg definert som eit ørkenområde med meir enn 125 km² med eolisk eller vindblåst sand[3] og der sanden dekkjer meir enn 20 % av overflata.[2] Mindre område vert kalla «sanddynesletter». Den største varme ørkenen i verda, Sahara, dekkjer 9 millionar kvadratkilometer og inneheld fleire ergar, som Chech Erg og Issaouane Erg i Algerie.[4] Kring 85 % av all sand som flyttar på seg på jorda finst i ergar som er større enn 32 000 km².[5] Ein finn òg ergar på andre himmellekamar, som Venus, Mars og Saturn-månen Titan.

Remove ads
Sjå òg
- Eolisk prosess
- Hamada
- Yardang
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads