Saudehornet

fjell i Ørsta kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Saudehornetmap
Remove ads

Saudehornet er eit fjell som ligg rett ved tettstaden Ørsta i Møre og Romsdal. Det er eit populært skifjell, men bratt. Toppen er lett å nå på sommarstid. Fjellet har og vorte kalla Vikshetta. På Vartdal der fjellet vert sett frå nord, brukar ein namnet Tryhornet eller Tryhorna, fordi det ser ut som fjellet har tre like høge toppar. Frå 2003 har Saudehornet vore mål i det årlege 5,7 km lange motbakkeløpet Saudehornet rett opp som startar ved sjøen i tettstaden Ørsta.

Kjappe fakta Land, Område ...

Briten Geoffrey Hastings var på toppen av Saudehornet den 7. august 1889. Det er den fyrste tidfesta bestigninga, men toppen må ha vore vitja av bygdefolk før den tid.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads