Scalpay i Ytre Hebridane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Scalpay (skotsk-gælisk Sgalpaigh og Sgalpaigh na Hearadh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland.
Remove ads
Geografi
Scalpay er om lag 4 km lang og har ei høgd på 104 meter over havet ved Beinn Scorabhaig. Den næraste naboøya til Scalpay er Harris om lag 300 meter på den andre sida av Caolas Scalpaigh. Det vart bygt bru mellom dei to øyane i 1997. Hovudbusetanden på øya ligg i nord, nær brua, ved An Acairseid a Tuath (North Harbour).
Øya har mange små vatn. Det største av desse er Loch an Duin, som har ei lita øy i seg med ruinane av ei gammal festning.
I 2001 hadde øya 322 innbyggjarar og hovudnæringa var hovudsakleg fiskeoppdrett og rekefiske. Øya har eit areal på 6,53 km².
Eilean Glas er ei lita halvøy på austsida av Scalpay. Her var det første fyret i Ytre Hebridane bygt.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Scalpay, Outer Hebrides» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads