Schak Bull

From Wikipedia, the free encyclopedia

Schak Bull
Remove ads

Schak August Steenberg Bull (10. mai 185825. januar 1956), fødd og avliden i Bergen, var ein av dei viktigaste norske arkitektane i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Han kom til å setje eit sterkt preg på Bergen med dei mange sentrale bygningane han teikna i denne byen, mellom anna det fyrste krematoriet i Noreg, på Møllendal søraust for sentrum av Bergen. Men mange av dei bygningane han hadde teikna i sentrumsområdet gjekk tapt i den store Bergensbrannen i 1916.

Kjappe fakta

Schak Bull har òg sett spor etter seg ved å vere den fyrste leiaren av Bergens Likbrendingsforening, den fyrste foreininga i ei rørsle som hadde som mål å gjere kremasjon lovleg i Noreg.

Schak Bull var bror til statsråd Edvard Hagerup Bull, nevø av fiolinisten Ole Bull og søskenbarn til komponisten Edvard Grieg.

Remove ads

Utdanning

Schak Bull vart utdanna ved bygningsavdelinga på Eidgenössische Technische Hochschule Zürich (den polytekniske høgskulen) i Zürich i åra 1875-79, under professorane Georg Lasius, Julius Stadler og Ernst Georg Gladbach. Han vitja verdsutstillinga i Paris i 1878, og gjorde studiereiser til Tyskland i 1889 og 1898, og i 1900 til England, Frankrike, Sveits og Austerrike-Ungarn.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Schak Bull
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads