Ittoqqortoormiit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ittoqqortoormiit
Remove ads

Ittoqqortoormiit (vestgrønlandsk for ‘Store hus’, tidlegare dansk namn Scoresbysund) er ein by på Grønland.

Kjappe fakta Land, Kommune ...

Byen ligg i Sermersooq kommune og har 345 ibuarar (per 2020).[2] Han ligg ved utlaupet av Kangertittivaq (Scoresby Sund), som er verdas største fjordkompleks og verdas lengste fjord. Ittoqqortoormiit er ein av dei mest isolerte byane på Grønland, og ein kan berrw nå han med helikopter eller båt i ein kort periode om sommaren.[3]

Ittoqqortoormiit ligg på Liverpool Land, aust for Kangerterajiva (Hurry Fjord) nær utløpet av norddelen av Kangertittivaq (Scoresby Sund), som går ut i Grønlandshavet.[4]

Byen var tidlegare del av Ittoqqortoormiit kommune i Østgrønland (Tunu) amt.

Remove ads

Galleri

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads