Sebastián Abreu
uruguayansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Washington Sebastián Abreu Gallo (fødd 17. oktober 1976 i Minas i Lavalleja-departementet) er ein uruguayansk fotballspelar som har spela som spiss for Botafogo i den brasilianske fotballigaen og på Uruguay sitt landslag.
Abreu har spelt i ei stor mengd fotballklubbar i Latin-Amerika, Europa og Asia. Han hadde kontrakt med Deportivo La Coruña i Spania i seks år, men var det meste av denne tida på lån til klubbar i Latin-Amerika. Han har vore med på å vinna den argentinske fotballigaen med San Lorenzo og River Plate, og den uruguayanske fotballigaen fem gonger med Club Nacional. Han har vore toppskårar i den mexicanske toppdivisjonen fire gonger.
Abreu debuterte for A-landslaget til Uruguay 17. juli 1996 i ein bortekamp mot Kina. Han tok del i fotball-VM i 2002, der han spelte to kampar. Han spelte fire kampar under fotball-VM i 2010 som innbytar.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads