Sebastian Kneipp

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sebastian Kneipp
Remove ads

Sebastian Anton Kneipp (17. mai 182117. juni 1897) var ein tysk prest og professor. Han fann opp kneippkuren, som var ei slags kaldvassbehandling med m.a. barfotturar i fuktig gras. Inspirert av ideane hans og anstalten hans Wörishofen i Bayern blei det skipa liknande kuranstaltar over heile Europa.

På slutten av 1800-talet gav Sebastian Kneipp ut boka Min Vannkur. Boka er eit stort oppslagsverk i helsebot. Dei fleste sjukdommar og symptom som var kjende på denne tida er tekne med.

Vasskuren bestod av følgjande hovudelement:

  • Omslag
  • Bad
  • Dampbad
  • Gytningar (hella vatn på spesifikke kroppsdelar) og
  • Vasking

Kreft blei prøvd lækja med munnvask, tre gongar om dagen. Det viktige var å reinsa «blodet og safterne».

I Noreg er Sebastian Kneipp kjend for kneippbrødet, brødet av sammalen kveite som har namn etter han.

I Sverige ligg distriktet Kneippen, tidlegare kalla Kneippbaden, i Norrköping. Området har namn etter eit spa-anlegg som nytta Kneipp-metoden frå 1898 til 1918.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads