Selskap

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bedrift, føretak, verksemd eller selskap er ei samanslutning som er eigd av fysiske eller juridiske personar og rår over formue. Det er normalt også eit krav at selskapet driv på med noko. Vanlegvis vil dette vere av økonomisk art, men dette er ikkje eit absolutt vilkår. Ein skil normalt mellom selskap og sjølveigande institusjonar (stiftelse). Definisjonen på eit selskap vil variere ut frå kva slags selskap det er snakk om.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fest.

Sjølve selskapet er ein juridisk person, noko som inneber at det kan ha sjølvstendige rettar og pliktar uavhengig av sine eigarar. Selskapet kan mellom anna vere part i kontraktar, og det kan reise og motta søksmål ved domstolane.

Ansvarsforholdet for eigarane varierer ut frå kva selskapsform som er vald. I ansvarleg selskap svarar eigarane for risikoen ved drifta med alt dei eig, eller etter eigardel i det ansvarlege selskapet. I det siste tilfellet blir det kalla eit selskap med delt ansvar DA. I eit aksjeselskap svarar eigarane eller eigaren berre for den innskotne aksjekapitalen.

Remove ads

Ordsoge

Ordet «selskap» er danna av det gamle tyske selle, som tyder ‘kamerat’, og viste opphavleg til «ei samling av venner». På gammalnorsk heitte det selskapr.

Det engelske ordet company kjem frå latinske kompanium, ‘brødreselskap’, og blir brukt både om fellesskap, foreiningar og ikkje minst kommersielle selskap. Den norske varianten kompani blir brukt på same måte om lag og firma med fleire eigarar, og dessutan i militæret om ei avdeling av soldatar. Ordet «parti» betyr opphavleg del eller part av noko, og blir brukt på same måte som selskap både om ‘ei samling meiningsfellar’ og på engelsk også om ‘fest’ i forma «party».

Før blei gjerne uttrykket «selskap» brukt om foreiningar som vitskaplege eller litterære selskap. På engelsk blir eit slikt selskap kalla «society» etter det latinske societas. Katolske ordenssamfunn og hemmelege foreiningar kan også omtalast som selskap, blant dei Jesuittordenen, som på latin blir kalla Societas Jesu, det vil seia «Jesu Selskap», og Guds ords selskap.

Frå slutten av 1700-talet og framover oppstod det i ei rekkje vitskaplege akademi og selskap i Europa, alt frå Royal Geographical Society til Selskapet for Psykisk Forskning og Det tyske selskapet for rasehygiene. Også i Noreg er det mange døme på samfunn og ideelle foreiningar med ordet selskap i namnet, blant dei Det Kongelige Selskap for Noregs Vel, Norsk-Tysk Selskap, Norsk Fysisk Selskap, Norsk Astronomisk Selskap, Norsk Skipsfartshistorisk Selskap, Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning, Norsk Bok- og Bibliotekhistorisk Selskap, Norsk Fuchsia Selskap og koret Oslo Chorale Selskap.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads