September
den niande månaden i juliansk og gregoriansk kalender From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
September er den niande månaden i den julianske og gregorianske kalenderen og har 30 dagar. Opphavleg var september den sjuande månaden og har namn etter latin septem, som tyder ‘sju’.
Andre namn
- På irsk heiter månaden Meán Fómhair, ’midten av innhausting’
- På finsk blir han kalla syyskuu, ’haustmånaden’
- September blei tidlegare kalla haustmånaden i Sverige og fiskemånaden i Danmark
- I den gamle japanske kalenderen heitte han nagatsuki (長月), ’den lange månaden’
Årlege hendingar
- I Canada og USA er den første måndagen i september arbeidardag
- Haustjamdøgn på den nordlege og vårjamdøgn på den sørlege halvkula finn stad rundt 21. september. Dette er eller har vore ein høgtidsdag i mange kulturar.
Anna
- Det britiske imperiet tok i bruk den gregorianske kalenderen i september 1752, og dette året mangla derfor kalenderen deira datoane frå 3. til 13. september.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads