Sergej Pogorelov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sergej Valentinovitsj Pogorelov (2. juni 1974–24. april 2019) var ein russisk handballspelar, fødd og død i Volgograd. Perioden 1996-2000 vart han både europameister, verdsmeister og olympiameister. Han var rykkromspelar.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Pogorelov spelte på Kaustik Volgograd sitt lag i heimlandet tiil 1999. Han flytta då til Tyskland og gjorde etter tur teneste i TBV Lemgo og TSV Eisenach. I 2001 reiste han til spanske Ciudad Real der han våren 2002 var med på å vinne europacupen for cupvinnarar. Sidan vandra han frå det eine handballaget til det andre, franske Villeurbanne og Paris Handball, til spanske Altea og Algeciras.
Landslagsspel
Pogorelov deltok i 194 landskampar for Russland. Han vart europameister 1996, verdsmeister 1997 og olympisk meister i 2000 og vann bronse Sommar-OL 2004. Under Handball-EM 1998 fekk han plass på stjernelaget, trass i at laget hans enda på fjerdeplassen.
Merittar
- EM 1996: Gullmedalje, 23–22 mot Spania
- VM 1997: Gullmedalje, 23–21 mot Sverige
- VM 1999: Sølvmedalje, 24–25 mot Sverige
- Sommar-OL 2000: Gullmedalje, 28–26 mot Sverige
- EM 2000: Sølvmedalje, 31–32 mot Sverige
- Sommar-OL 2004: Bronsemedalje, 28–26 mot Ungarn
- Vinnar av cupvinnarcupen: 2002 for Ciudad Real
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sergei Walentinowitsch Pogorelow» frå Wikipedia på tysk, den 20. juni 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads