Sergio Ramos

spansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sergio Ramos
Remove ads

Sergio Ramos García (fødd 30. mars 1986 i Camas i Andalucía) er ein spansk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2007, 2008 og 2012 og vann den europeiske Meisterligaen med dei i 2014. I 2005, då han spelte for Sevilla, vart han kåra til årets nye spelar i La Liga.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...

26. mars 2005 debuterte han for A-landslaget i ein vennskapskamp mot Kina som 18-åring, og vart dermed den yngste spanske landslagsspelaren på 55 år. Året etter var han med i troppen til fotball-VM i 2006. I fotball-EM i 2008 var han fast på laget då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han også frå start i alle sju kampane då Spania vart verdsmeistrar. I EM i 2012 spelte han igjen alle Spania sine seks kampar frå start til slutt, då dei igjen vart europameistrar.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads