Lailat al bara'ah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lailat al bara'ah ('frelsenatta') eller sjabe bara'ah ('tilgjevingsnatta') er ei muslimsk høgtid feira om natta den 15. sjabán, to veker før byrjinga av ramadan. Høgtida blir markert av sunnimuslimar frå Sør- og Sentral-Asia, men ikkje av dei arabiske salafi- eller wahhabirørslene. Sjiamuslimar feirar henne som fødselsdagen til Muhammad al-Mahdi, den tolvte imamen.

Høgtida blir brukt til å be om tilgjeving for synd, anten heime eller i moskéen. Ein kan vitja graver og gje almisser. Nokre stader blir kvelden også markert med fyrverkeri.
Remove ads
Kjelder
- Lailat ul Bara'h, BBC, henta 4. august 2009
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads