Shannon Miller

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shannon Miller
Remove ads

Shannon Lee Miller (fødd 10. mars 1977) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar. Ho vart verdsmeister i mangekamp i 1993 og 1994. Under Sommar-OL 1996 vart ho olympisk meister på bom, fekk også OL-gull i lagtevlinga.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Miller deltok i Turn-VM 1991, der ho var med å vinne sølv i skranke og i lagtevlinga. Frå dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona reiste ho heim med fem medaljar. Ho vann sølv i mangekampen og bom, medan det vart bronse i frittståande, skranke og i lagtevlinga. Under verdsmeisterskapen 1993 i Birmingham sigra ho både i mangekamp, frittståande og skranke. Året etter forsvarte ho i Brisbane VM-tittelen i mangekamp. Ved Sommar-OL 1996 i Atlanta stod ho i spiss for USA sitt mannskap som for fyrste gong vann OL-gull i lagtevling. Individuelt gjekk ho til topps i bom-finalen framom Lilija Podkopajeva. I mangekampen enda ho på åttandeplassen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads