She’s a Rainbow
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«She’s a Rainbow» er ein song av The Rolling Stones frå albumet deira Their Satanic Majesties Request frå 1967. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn 18. mai 1967. Han er mest kjend for pianoet til Nicky Hopkins og Brian Jones på mellotron, og for den rike teksten til Jagger.
- Have you seen her all in gold,
- Like a queen in days of old?
- She shoots colours all around
- like a sunset going down.
- Have you seen a lady fairer?
John Paul Jones, seinare i Led Zeppelin, arrangerte strykarane på songen, då han jobba som studiomusikar på denne tida.[1]
Teksten i refrenget er lånt frå songen «She Comes in Colors» av bandet Love.
Songen kom ut som singel i desember 1967 og gjekk til 25. plass i USA. Han har vore med på mange samleplater opp gjennom åra, mellom andre Forty Licks.[2]
Remove ads
Medverkande
- Mick Jagger – vokal, perkusjon
- Keith Richards – akustisk gitar, korvokal
- Brian Jones – Mellotron, perkusjon, korvokal
- Bill Wyman – bass, korvokal
- Charlie Watts – trommer
- Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano, celesta
- Strykearrangement av John Paul Jones
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads