Shine av Natália Kelly
av Natália Kelly From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Shine» (engelsk for 'Skin') var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Natália Kelly. Songen er skriven av Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Shine.
Remove ads
Österreich rockt den Song Contest 2013
Natália Kelly sendte inn den engelskspråklege songen «Shine» til Österreichischer Rundfunk (ORF) og vart vald ut til å delta i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. I finalen vann bidraget og fekk representere Austerrike.
Eurovision Song Contest 2013
I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[2]
Remove ads
Format og sporliste
- Shine (Remix) - EP[3]
- «Shine» – 2:59
- «Shine (Edit)» – 3:00
- «Shine (Redio Remix)» – 3:58
- «Shine (SamV Club Remix)» – 5:24
Listeplasseringar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Shine (Natália Kelly song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. mars 2013.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads