Signifikant bølgjehøgd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Signifikant bølgjehøgd eller Hs er den gjennomsnittlege høgda (frå bølgjebotn til bølgetopp) av den tredjedelen av alle bølgjene i eit bølgjefelt som er høgast. Ei velutvikla signifikant bølgje er om lag lik Hm0, definert som fire gonger standardavviket til den momentane forflyttinga frå midlare havnivå. Den signifikante bølgjehøgda vert vanlegvis målt over ein periode på 10 minutt.

Den opphavlege definisjonen kom som resultat av arbeid utført av oseanografen Walter Munk under den andre verdskrigen.[1][2] Den signifikante bølgjehøgda var meint som eit matematisk uttrykk for høgda som ein «erfaren sjømann» ville anslå bølgjehøgda til ved å sjå på sjøen. Det er i dag eit vanleg mål på høgda av havbølgjer.

Eit liknande mål på bølgjer, Hn, der n er prosent av ein brøk, skildrar bølgjehøgda av den nte prosenten av dei høgaste bølgjene.[3] Hn vert nytta for å estimere gjennomsnittleg maksimal bølgjestorleik (H0.99) og for visse andre analysar. For å unngå forvirring med denne Hn-notasjonen, vert notasjonen H1/3 ofte nytta i mange vitskaplege artiklar og av visse maritime organisasjonar. Hs er rett og slett eit spesialtilfelle av Hn.

Andre statistiske mål på bølgjehøgda vert òg mykje nytta. Kvadratisk middelverdi av bølgjehøgda, som er definert som kvadratrota av den gjennomsnittet av kvadratrota til alle bølgjehøgder er om lag lik Hs delt på 1,4.

I følgje Det irske marineinstituttet vart det 9. desember 2007 målt ei signifikant bølgjehøgd på 17,2 m med ein bølgjeperiode på 14 sekund.[4] Dette er ei av dei høgaste målingane som er gjort, og ligg truleg opp mot grensa for kor høg den signifikante bølgjehøgda kan verta.

Remove ads

Sjå òg

  • Havet sin tilstand
  • Monsterbølgje: Ei bølgje som er over dobbelt så høg som signifikant bølgjehøgd.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads