Sigurd Blekastad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sigurd Ivarsson Blekastad (24. mars 184831. juli 1897) var ein norsk landhandlar, gardbrukar og stortingsmann frå Sel i Oppland.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Blekastad var son til ein gardbrukar i Sel. Han gjekk eit par vintrar på Christopher Bruun sin folkehøgskule og hadde ei kort elevtid på Askov og på Kold sine folkehøgskular i Danmark. Ei kort tid var han huslærar hos Bjørnstjerne Bjørnson. Frå 1866 var han gardbrukar og landhandlar i Vågå. I 1890 vart han tilsett som kontrollør ved brennevins- og malttilverkinga. Blekastad var medlem av heradsstyret og tidvis varaordførar.

Blekastad representerte Kristians amtStortinget frå 1883 til 1897. I den fyrste valbolken, 1883-85, var han medlem av vegkomiteen. Frå 1886 var medlem av jarnbanekomiteen, sekretær i denne frå 1889 til -97. 1886-97 medlem av valkomiteen. Sekretær i Odelstinget 1889-91 og i Stortinget 1892-94, medlem av Lagtinget 1892-97. Grunna sjukdom vart han permittert 5. mai 1897. Om sommaren same året døydde han heime i Vågå.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads