Sigurd Meidell
norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sigurd Segelcke Meidell (20. februar 1878–26. juli 1968) var ein norsk journalist og forfattar, fødd i Bergen.
Meidell var utdanna innan jus, men arbeidde som journalist. I 1913 skipa han Avisernes Kristianiakontor i hovudstaden, og dreiv dette i lang tid. Då han kom i sekstiåra, byrja han å gje ut romanar under psvedonymet Arne Vaagen. Frå 1941 til -56 kom åtte forteljingar med motiv frå Vestlandet og vidare. Han vart rekna som ein flink forteljar, medan dei psykologiske skildringane stod noko tilbake. Meidell var mykje interessert i ættegransking og i kulturhistorie, og var aktiv for Hardanger historielag og Sunnhordlands folkemuseum.
Han er gravlagd i Oslo.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
- disnorge.no
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads