Silent Portraits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Silent Portraits var eit avgrensa album frå 1984 av den greske musikaren Vangelis. Det bestod av musikk laga for ei fotoutstilling av den italienske fotografen Gian Paolo Barbieri og musikken var inspirert av portretta.

Meir informasjon Vangelis-kronologi ...

Musikken vart gjeven ut i samband med ei fotobok av Barbierei. Plata som følgde boka vart berre trykt i 600 eksemplar. Boka hadde undertittelen «Polaroid from Seychelles», sidan det er innbyggjarar frå Seychellane som er fotograferte av Barbieri. Forordet i boka er skriven av Frédéric Rossif, ein fransk dokumentarfilmskapar, som Vangelis skreiv mykje musikk for i 1970- og 1980-åra.

Plata består berre av to spor, utan namn, ei på kvar plateside. Det første sporet er eit langsamt, elektrisk pianostykke. Det andre sporet er eit rytmisk stykke på 11 minuttar, som byggjer seg opp kring elektronisk perkusjon og etter kvart eit synthlag.

Remove ads

Innhald

All musikk komponert av Vangelis

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads