Silkeorm

insektart From Wikipedia, the free encyclopedia

Silkeorm
Remove ads

Silkeorm (Bombyx mori) er ein nattsvermar kjend for larven sin, som produserer naturleg silke. Silkeormader er dermed svært viktige økonomisk. Ein silkeorm et berre lauvet frå morbærtre. Dei stammar frå nordre Kina.

Thumb
Silkeormlarve i eit morbærtre.
Kjappe fakta

Silkeormen har fått namnet sitt fordi han spinn kokongen sin av råsilke. Kokongen er laga av ein samanhengande tråd av råsilke som er mellom 300 og 900 meter lang.

Silkeormar har god appetitt og et morbærlauv både dag og natt. Difor veks dei òg veldig fort. Når fargen på hovudet deira vert mørkare tyder det at det er tid for å skifte skinn. Når dei har skifta skinn fire gongar får dei ein meir gulaktig farge og skinnet deira blir mindre. Dette er teikn på at dei snart vil dekke seg sjølve med ein kokong av silke.

Thumb
Utvaksen silkeorm på kokong.

Om larven et seg ut av kokongen sin på naturleg vis vert trådane forkorta og dermed av mindre verdi. For å forhindre dette vert kokongane lagt i kokande vatn, som drep larven men gjer det lettare å nøste opp kokongen. Sjølve larven vert ofte eten opp.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Silkeorm


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads