Simon Usjakov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Simon Usjakov
Remove ads

Simon (Pimen) Fjodorovitsj Usjakov (162625. juni 1686) var ein leiande russisk ikon-målar i andre halvparten av 1600-talet. Saman med Fjodor Zubov og Fjodor Rozjnov vert han knytt til den omfattande reformeringa av den russisk-ortodokse kyrkja, leia av patriarken Nikon.

Kjappe fakta
Remove ads
Thumb
Frelsar. Ikkje laga med hand. 1658

Ein veit knapt noko om Usjakovs yngre år. 22 år gammal vart han tilsett som kunstnar av Myntkammeret, knytt til tyhuset (depotet) Prikaz. Dei lyse, friske fargane og sirlege, krumma linene på dei proto-barokke ikonane hans vekte Nikon si interesse, som på si side gjorde tsar Aleksej Mikhailovitsj kjent med Usjakov. Han vart ein favoritt hos tsar-familien og vart i 1664 knytt til tyhuset i Kreml, drive av den lærde bojaren Bogdan Khitrovo.

Usjakov hadde ei mengd elevar og medhjelparar i si verksemd. Han publiserte ei kort avhandling om ikonmåling med tittelen Eit ord om kjærleg-grundig ikon-måling (1664). Nokre av dei meir konservative russiske prestane, til dømes erkepresten Avvakum, såg på ikonane hans for «vellystige verk av ein djevel». Framstillingane av dei heilage var for vestlege, menneskelike, etter deira smak. Avvakum hevda at Usjakov målte sine «kjøttfulle helgenar» etter sin eigen tjukkfalne utsjånad.

Usjakov utførte også oppdrag av verdsleg art, laga graveringar til bokillustrasjonar. Såleis var han ein av dei første verdslege kunstnarane i Russland. Nokre av ikonane hans vart framvist i Vest-Europa. Desse var avgjerande i å vekke interessa for russisk kunstmåling i sin tidlege fase.

Han døydde i Moskva.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads