Sira kyrkje

kyrkje i Eresfjord, Nesset kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Sira kyrkje
Remove ads

Sira kyrkje, også kjent som Eresfjord kyrkje, er ei åttekantkyrkje i Eresfjord i Molde kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1869 og bygd i treverk. Ho har 307 sitjeplassar.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Til omkring 1709 stod ei stavkyrkje truleg med påbygde krossarmar i tømmer på staden. Stavkyrkja var då i svært dårleg stand og ei ny krosskyrkje i tømmer vart sett opp i staden, material frå stavkyrkja kan ha blitt brukt i den nye krosskyrkja. Utover 1800-talet vart krosskyrkja for lita etter krava og det var trong om reparasjon. I 1868-1869 vart åttekantkyrkja sett opp og krosskyrkja riven. Jubileumsskriftet (red Leirvoll, 1994) oppgjev ikkje arkitekt, men nemner at soknepresten fekk tilsendt teikningar av ein forlenga åttekant og at dei desse til grunn for bygginga. Det var til dels dei same tømrarane som sette opp Eikesdal kyrkje to år før, det er ei lita langkyrkje med takryttar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads