Sithonía
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sithonía (gresk Σιθωνία) er ei halvøy og ein kommune i periferieininga Khalkidikí i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Sithonía ligg sør på den sentrale delen av Khalkidikí, med Kassándrahalvøya i vest og Áthoshalvøya i aust.
Vest for halvøya ligg Singitikóbukta og i aust Toronéobukta. Fjellet Ítamos eller Dragoundélis ligg midt på halvøya. Av stader på Sithonía ligg den antikke byen, slottet og kyrkja Ájos Athanásios i Toróni, vindmøllene i Sykiá og kyrkja frå 1500-talet i Nikíti. Pórto Koufó, er den største og tryggaste av dei naturlege hamnene i Hellas, og vert nemnd av Thoukididis som ei «heilag hamn».
Landskapet er dekt av skog, grassletter og fjell.
Remove ads
Administrativ inndeling

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Sithonía
- Toróni
Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Sithonía 12 080 innbyggjarar, medan kommunaleininga med same namn hadde 8 750 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads