Sitrusslekta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sitrusslekta
Remove ads

Sitrusslekta (Citrus) er ei planteslekt i rutefamilien som særleg er kjend for sine mange sitrusfrukter. Medan ho stammar frå tropisk Asia, blir plantar frå slekta no dyrka i ei rekkje varme land.

For frukter frå sitrusslekta, sjå sitrusfrukt.
Kjappe fakta

Slekta omfattar buskar og mindre tre. Blada er oftast heile, lêraktige, skinande grøne og sit på ein ofte vinga bladstilk. Blomane er kvite eller raudlege, velluktande og har mange pollenberarar som sit i grupper. Frukta er eit saftig bær med tjukt skal, mange rom («båter») og ofte mange frø. Plantane har mange oljekjertlar i blad, bark og fruktskal.

Dyrkinga av sitrusartar er mange tusen år gammal, og det har derfor vore svært vanskeleg å utreia avstamninga for dei dyrka formene.

Thumb
Appelsintre med frukt
Thumb
Grapefrukt
Remove ads

Artar

Sitrusslekta har ei rekkje medlemmer, mange av dei hybridar mellom ulike typar. Nokre av det ein reknar som ublanda artar er:

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads