Sjørose

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjørose
Remove ads

Sjøroser eller sjøanemonar (Actiniaria) er ein orden koralldyr som er utan skjelett. Dei er vanlegvis relativt store, festa til stein og fjell med ein fot, og sidan dei har ei mengd fangarmar eller tentaklar, kan dyra sjå ut som fargerike blomar. I alle hav finst det slike dyr.

Thumb
Snitt gjennom ei sjørose (sjøanemone): 1: Hole tentakler eller fangarmar; 2: strupe; 13: Munnopning; 14: Munnskive.
Kjappe fakta

Sjørosene (sjøanemonene) lever av å fange smådyr ved hjelp av lammande nesleceller på fangarmane og føre byttedyra til ei munnopning mellom armane.

Remove ads

Sjøroser i Noreg

Fleire artar er å sjå på grunt vatn langs norskekysten, ofte i straumharde strok. Arten hestesjørose eller hesteaktinie, òg kalla svabergsjørose, styggmannsblod, er ei raud sjørose som finst langs Mørekysten. Purpurraud eller grøn sjørose, Actinia equina, om lag ti cm høy, er vanleg på stein og fjell i fjøra frå Stavanger og nordetter.

Bilete

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sjørose


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads