Sjakhtar Donetsk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjakhtar Donetsk
Remove ads

FC Sjakhtar Donetsk (ukrainsk ФК «Шахтар» Донецьк) er ein fotballklubb i Donetsk i Ukraina, skipa 24. mai 1936.

Kjappe fakta Skipa, Kallenamn ...
Thumb
Brasilianaren Jádson set inn sigersmålet då Sjakhtar vann 2-1 over Werder Bremen i UEFA-cupfinalen 20. mai 2009

Sjakhtar vart den fyrste og einaste ukrainske klubben som vann UEFA-cupen, då han i 2009 gjekk til topps i den siste fotballturneringa i sitt slag; UEFA-cupen vart deretter erstatta av Europaligaen. Av andre ukrainske fotballklubbar er det einast Dynamo Kiev som har sigra i ei stor UEFA-tevling.

Sjakhtar er ein av dei eldste klubbane i Ukraina. Klubben er kulturelt samanvoven med den tungt industrialiserte og russifiserte Donetsk-regionen i det austlege Ukraina. Den har vore med i seriefotball heilt tilbake til den gongen det sovjetiske seriesystemet for fotball vart sett i gang. Sjakhtar vann den sovjetiske cupmeisterskapen i to år på rad, 1961 og 1962, og på ny i 1980 og 1983. I perioden 2002 til 2014 har klubben sikra seg ni ukrainske seriemeisterskap, medan den har vunne like mange cuptitlar i tida 1995-2013.

Klubben spelar heimekampane på Donbass Arena.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads