Sjeksna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sjeksna (russisk Шексна) er ei elv i Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 139 km lang og har eit nedslagsfelt på 19 000 km². Elva har ei middelvassføring på 172 m³/s 28 km frå munningen.
Elva spring ut frå Belojesjøen og ho munnar ut i Vologa via Rybinsk-reservoaret ved byen Tsjerepovets. Elva er no 139 km lang, men før dei nedre delane vart ein del av Rybinsk-reservoaret var ho rundt 400 km lang og rann saman med Volga ved Rybinsk. Sjeksna er ein del av Volga-Austersjø-kanalen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Шексна (река)» frå Wikipedia på russisk, den 23. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads