Sjevá

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjevá
Remove ads

Ein sjevá, òg skrive som sheva eller schwa, er ein term frå hebraisk fonologi som tyder ‘trykklett og nøytral vokal’ eller ‘mumlevokal’. I det hebraiske alfabetet blir sjevá skriven med eit kolon-liknande teikn under den føregåande konsonanten.

Thumb
Ordet sjevá på hebraisk. Den første vokalen (merkt med raudt) er ein sjevá i seg sjølv.

Sjevá i hebraisk fonologi

I klassisk hebraisk reknar ein med to typar sjevá: «sjevá na‘», eller ‘tonande sjevá’ og «sjevá nah», eller ‘kvilande sjevá’.

Sjevá na‘

Sjevá na‘ (hebraisk språk שְׁוָא נַע [šəvā na‘]) vil seie ‘tonande sjevá’. Sjevá na‘ blir uttala som ein nøytral, mumla vokal som kan variere i kvalitet frå ein «slapp» e- eller ø-lyd til ein relativt tydeleg a, o eller i. Tonande sjevá har ein i desse falla:

  • mellom to konsonantar i framlyd;
  • mellom to konsonantar etter lang vokal;
  • etter konsonant med dagésj (doblingsteikn) som blir etterfølgd av ein konsonant;
  • etter andre konsonant notert ved sjevá når denne blir etterfølgd av ein tredje konsonant.

Sjevá nah

Sjevá nah (hebraisk språk שְׁוָא נַח [šəvā naḥ]) vil seie ‘kvilande sjevá’. Den kvilande sjeváen på hebraisk er stum anna enn i visse fall der artikulasjonsfaktorar gjer at han blir uttala slik som mellom konsonantar med lik artikulasjonsstad. Kvilande sjevá har ein i desse falla i klassisk hebraisk:

  • mellom to konsonantar etter kort vokal når den første av desse er kort.
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads