Skeiser

From Wikipedia, the free encyclopedia

Skeiser
Remove ads

Skeiser (fleirtal av skeise), eller skøyter (fleirtal av skøyte), er ein reiskap til å feste på føtene og skeise, eller skøyte, (gli bortover) med. Skeiser blir ofte nytta til sport og leik, både på is, der det finst, og på asfalt (rulleskeiser).

Thumb
Ei isskeise

Skeiser til bruk på is har smale jarnmeier under, og meiene varmar opp isen og glir oppå vassflata som vert skipa rundt dei. Personen oppå skeisene fell ikkje igjennom sidan det finst meir is under vassflata. Menneskjer med skeiser kan få ein fart på over 60 kilometer i timen[1] under konkurransar i lengdeløp. Rulleskeiser har små hjul i staden for meier, og har igjen liten friksjon - grunna denne friksjonsmangelen er det vanskeleg å svinge med både rulleskeiser og isskeiser. Rulleskeiser kan nyttast i bakkar, som ikkje finst på isen, og ein rulleskeiseløpar kan nå hastigheiter på over 100 kilometer i timen i unnabakkar.[2]

Remove ads

Typar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads