Skeise-VM 1996 i firkamp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen på skeiser 1996 i firkamp vart avvikla i Inzell i Bayern i Tyskland dagane frå fredag 2. til sundag 4. februar. 69 utøvarar frå 24 land deltok i meisterskapen. Meisterskapen var den fyrste verdsmeisterskapen i firkamp der menn og kvinner tevla på den same arenaen.
Rintje Ritsma frå Nederland forsvarte VM-tittelen, det same gjorde tyske Gunda Kleemann som elles vart verdsmeister i firkamp for femte gong. Kleemann vann to distansar, også japanaren Hiroyuki Noake vart bestemann på to distansar. Ritsma sigra på 10000 meter. Bart Veldkamp og Claudia Pechstein gjekk fortast på kvar sin 5000 meter, medan Becky Sundstrom frå USA gjekk til topps på 500 meter.
Dei fire norske deltakarane enda opp som statistar. Lasse Sætre vart nummer 18, Petter Andersen og Anette Tønsberg 23 begge, og Remi Hereide nr 31.
Remove ads
Menn
Dato: 2.–4. februar
500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Kvinner
Dato: 2.–4. februar
500 meter
1500 meter
3 000 meter
5 000 meter
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschappen schaatsen allround 1996» frå Wikipedia på nederlandsk, den 27. desember 2023.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads