Skidbladne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skidbladne eller Skibladner (norrønt Skíðblaðnir) var i norrøn gudelære namnet på eit skip som grødeguden Frøy eigde. Det var laga av dvergane Ivaldesønene, som hadde gjeve det makelause, magiske eigenskapar.
Skidbladne fer alltid medvind straks segla er heist, og gjekk like godt på vatnet som på landjorda. Det var så stort at det romma for alle æsene (gudane). Trass i dette kunne ein bretta skipet saman til ein duk og leggja det i lomma om ein ikkje trong det.
Remove ads
Sjå òg
- «Skibladner», ein hjuldampar bygd i 1856
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads