Skive i Danmark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skive er ein by ved ei bukt sør i Limfjorden på Jylland i Danmark. Byen, som har 20 401 ibuarar (2021) og er administrasjonssenter i Skive kommune, ligg i eit kupert morenelandskap med fruktbare åkrar.

Skive er handels- og tenestesenter for eit stort omland med allsidig industri. Dessutan er det ein garnisonsby med Danmarks største kaserne.
Byen voks opp ved ein vadestad over Karup Å. For å vakte vadestaden vart borga Skivehus bygt før 1300. Mellomalderkyrkja Vor Frue Kirke har fine kalkmåleri. Skive rådhus vart reist i 1846.
Remove ads
Kjelder
- Skive i Store norske leksikon
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads