Skjold på Haugalandet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Skjold på Haugalandet
Remove ads

Skjold er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Skjold var tidlegare også ein kommune. Tettstaden har 962 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg ved nordenden av Skjoldafjorden.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Thumb
Skjold kyrkje
Remove ads

Skjold sokn

Skjold sokn var før i tida meir enn dobbelt så stort som no. I 1964 vart Flatnes krins overflytta til Vestre Vikebygd sokn, og i 1965 vart soknet halvert: Då vart Vordneset (seinare nemnt Skjoldastraumen) kapelldistrikt overflytta til Tysvær sokn, og same område vart i 1969 overført på ny til Nedstrand sokn.

I dag femnar soknet om den sørvestlegaste delen av Vindafjord kommune (krinsane Alendal, Ersland, Haugen, Egge, Austrheim og Langeland) og har 1 415 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Remove ads

Skjold kommune

Allereie då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Skjold ein av dei. Den omfatta då soknene Skjold, Vats og Tysvær. Tysvær vart frådelt som eigen kommune i 1849, og Vats vart frådelt i 1891, så deretter var Skjold kommune og sokn identiske. I 1964 vart Flatnes krins overført til Sveio kommune, og i 1965 vart kommunen oppløyst og oppdelt mellom kommunane Vindafjord og Tysvær.

Thumb
Skjold
Remove ads

Sjå òg

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads