Skjold kyrkje i Bergen

kyrkje i Bergen kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Skjold kyrkje i Bergen
Remove ads

Skjold kyrkje er ei kyrkjeSkjold i bydelen Fana i Bergen kommune. Ho vart teke i bruk i 1998 og er teikna av Peder A. Ristesund. Skjold kyrkje er soknekyrkje for Skjold sokn og frå midten av 1960-åra og fram til kyrkja stod ferdig hadde kyrkjelyden halde gudstenester i gymsalen på Skjold skole.

Thumb
Skjold kyrkje, inngangssida
Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...

Kyrkja har langskipform og frå koret er det bygd eit utbygg mot sør. Kyrkja har symmetriske høgstilte sidevindauge, medan alterpartiet har vindauge ført ned til bakkenivå.

Kyrkja har plass til 280 menneske, og sjølve kyrkjerommet er skilt frå to kyrkjelydsrom som tar respektive 150 og 70 menneske. I tillegg er det fleire administrative einingar tilknytt kyrkjebygget og det totale golvarealet er 1510 m².

Sokkeletasjen er bygd i betong med tilfluktsrom, medan første etasje er i armert betong. Berande søyler i tegl står rundt atriet.

Orgelet vart bygd av Orgelwerkstatt Christian Scheffler og innvigd i desember 2000. Det har 23 stemmer og 1408 piper.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads